Faren var med å bygde vegane i kommunen, mannen og broren mista livet på dei og Haldis Forthun frå Skifjorden drøymer om å få sjå at det blir gjort noko med dei.
Haldis mista mannen og broren på vegen i 1969

–⁠ Det er dei same vegane som er her i dag

I Skifjorden i Hyllestad kommune ligg ein av dei smalaste fylkesvegane i landet. Utan møteplassar kan yrkessjåførane risikere å måtte rygge i eit kvarter når dei møter andre, og Haldis Forthun fortel at dei som bur her er redde for å køyre bil.


– Det er over seksti år sidan eg tok sertifikatet, og eg har tre år att før det går ut. Så det får dei ikkje ta frå meg før då, så då må dei finne på noko lurt, seier Haldis Forthun til Ytre Sogn.

No er dama frå Skifjorden over 80 år, og bilen står framleis parkert på tunet opp den bratte bakken frå Skifjordvegen. Skifjordvegen heiter også Fylkesveg 5655, og Forthun fortel at faren, som vart fødd i 1919, var med og bygde nokre av vegane i området.

– Så det seier litt om kor gamle dei er.

Køyrer bil kvar dag
Inst i Skifjorden ser ikkje vegane veldig annleis ut enn dei gjorde då dei vart bygde. Forthun fortel at det er fleire i område som kvir seg for å køyre på vegane, spesielt vinterstid når det er glatt.

– Alle som bur her omkring er redde for desse vegane. Eg har køyrt her sjølv i mange år. Eg jobba 14 år på Samvirkelaget på Sørbøvåg, og 25 år på sjukeheimen. Og det er mange gongar eg har vore redd her, fortel ho.

Det er få plassar det er plass til to i breidda på vegane, og sjølv reknar ho alltid ekstra tid når ho skal køyre. Møter ein nokon må ein stoppe, og møter ein tungtrafikk må ein ofte rygge.

– Folk som bur her er forsiktige og veit godt korleis vegen er. Men så er det alltid nokon idiotar, og dei som ikkje kan å rygge.

Ho har køyrt utan uhell heile livet, og fortel at når det har vore reparasjonar på bilane, så er det borna som har skulda.

Sjølv køyrer ho kvar dag, både for å handle og for å halde evnene bak rattet ved like.

– Det er så flott her ute, med ei nydeleg utsikt. Då er det fint å kunne køyre bil, seier ho.

Dei same vegane
Men at vegane rundt Skifjorden og elles i kommunen ikkje er trygge veit ho så alt for godt. Ein skjebnesvanger dag for 55 år sidan gjekk det frykteleg gale då vegen gav etter og ein mjølkebil velta utanfor vegen og ned i det islagde vatnet. I bilen sat både mannen og bror hennar, begge omkom.

– Då var ikkje jentungen fødd ein gong, ho kom først to månadar etter. Mannen min fann dei same dag, men bror min gjekk det fire månadar før dei fann i vatnet, fortel ho.

Og vegane som faren til Forthun hadde vore med å bygge er dei same som er der den dag i dag, sjølv om det har vore nokre små utbetringar her og der. Men i Skifjorden er det langt mellom dei utbetringane.

– Dette er akkurat dei same vegane som har vore her alltid, seier ho og ristar på hovudet.

Frustrerande
Forthun er imponert over dei som køyrer tungtransport i området, og fortel at yrkessjåførane som kjenner området tek seg god tid og viser omsyn på dei vanskelege vegane. Ein av dei er Håvard Bjørnestad, som med sitt enkeltmannsføretak er ein av dei som verkeleg veit kor skoen trykker.

– Eg har køyrt her sidan 1985, og sidan den gong har det skjedd veldig lite. Det er snakk om eit par utbetringar og møteplassar, men dei er i grunn for korte, seier Bjørnestad til Ytre Sogn.

Mange stadar er vegen utan autovern eller stablestein, og heller slik at ein lastebil merkar at det kvelvar. Det er ein parsell mellom Eide og Skifjorden det er snakk om å gjere utbetringar på først, og her fortel Bjørnestad at han har vert og krana opp fire bilar som har kvelva.

– Det er sjølvsagt frustrerande at det ikkje blir gjort noko på vegane her. Og stoppe er ein ting, det er vi vande med. Men det er noko anna når ein må rygge, det går alt for lang tid. Ein kan fort drive på i eit kvarter, gjerne rundt svingar med dårleg sikt. Det er ikkje bra, og vegen er jo då og heilt sperra og ein kjem knapt forbi med sykkel. Kjem det ein ambulanse då, så er det ikkje bra.

Både Forthun og Bjørnestad er einige om at ein har venta lenge nok på å sjå utbetringar i Skifjorden.

Ordførar Kjell Eide kjempar på for å få utbetringar på vegane i Hyllestad kommune.

Ordførar som masar
I kommunehuset har dei ein alliert i ordførar Kjell Eide. Det er no eitt og eitt halvt år sidan han og Bjørnestad saman med to andre køyrde alle dei fylkeskommunale vegane i Hyllestad kommune. Dei noterte seg ned alle stadar der ein kunne trengd utbetringar. Det vart til saman 61 ulike punkt.

Så langt har fylkeskommunen eitt prosjekt på gong. Eide forventar ikkje at dei store prosjekta skal komme til Hyllestad, og har heller ikkje noko håp om gul midtstripe på vegane i nær framtid. Men han er klinkande klar på at no må det vere Hyllestad sin tur når det kjem til punktvise utbetringar.

– Dette har eg masa om i alle år, og det kjem eg til å fortsette med. Vi kan ikkje ha slike vegar og så sit ein berre og ser på at det er slik. Så får dei no berre synst at eg masar, men eg trur det er den einaste måten å få oss på kartet, og få prosjekt inn i planane, seier Eide til Ytre Sogn.

Milliardar
Men det er mange om beinet. Regjeringa har lagt 3,3 milliardar ekstra i potten, men mykje av samferdselsbudsjettet det går til vegar med ein E framfor talet. I Førde er det tilrådd ein ny tunnel på E39 som skal føre trafikken forbi sentrum, og som vil koste ein stad mellom fire og fem milliardar.

NAF meiner det vil koste 30 milliardar kroner å utbetre dei vegane i landet som er for smale, og omlag halvparten av dette er i Vestland. Ein har og i større grad enn tidlegare byrja å gjere små, punktvise utbetringar på vegar enn før. Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) sa til NRK i september 2023 at dette er noko ein gjer meir av enn tidlegare.

– Men det er ein kø, sa han.

Ordførar Eide er ikkje i tvil om at dette må prioriterast endå meir. 

– Dette er noko vi berre må få gjort. Det blir ikkje noko billegare av å vente, og vegane blir berre i dårlegare og dårlegare forfatning. Det er store planar om utvikling på Lutelandet, og fylkesvegen gjennom Skifjorden er ein av hovudårene dit. Havyard i Leirvik har også store planar om utviding, og også for dei er vegane i kommunen eit problem.

Ofte er denne type små utbetringar ting som blir avgjort administrativt i fylkeskommunen, men dei er sjølvsagt avhengige av at pengane strekk til. Eide meiner det må løyvast meir pengar.

– Vi bør gjere dette før heller enn seinare. Og så er det jo ein sysselsettingseffekt og aktivitet knytt til denne typen arbeid.

Drøymer om skikk på vegane
Tilbake i Skifjorden står Haldis Forthun ved fylkesvegen. Opp til huset er det ein lang, bratt bakke, og ho har køyrt bilen ned. Bilen er av dei mest kompakte typane, noko som er ein fordel på den smale vegen som strekk seg i begge retningar frå eigedomen hennar. Men bilar har i snitt blitt større og større dei siste åra.

Og vegen frå huset hennar blir dårlegare og dårlegare.

– Eg drøymer om å få sjå at vi får skikk på desse vegane. Om ikkje for meg så for dei som skal køyre her i framtida. Dette er ein flott plass å bu, men om vi skal få ungdommen til å bli og å flytte heim, og skal vi få utvikling på Lutelandet, så nyttar det ikkje med desse vegane.