Ordførar Kjell Eide kunne legge saksa igjen heime, for han opna den nye stolpejaktløypa i Leirvik måndag ved å trykke på ein knapp på telefonen til Arne Dale i Leirvik Grendalag. (Alle foto: Leirvik Grendalag)

Klart for stolpejakt i Leirvik

Ordførar Kjell Eide trykte måndag på knappen som let folk i Leirvik leite etter «magiske» stolpar.


– Vi har ei jente i bygda, Aud Dagrun Lassemo, som har erfaring med stolpejakt og som har besøkt fleire stadar som har slike løysingar. Ho tok det opp med oss i grendalaget om det kunne vere noko for Leirvik. Tilbakemeldinga frå oss var «berre sett i gong», og ho tok oss på ordet!

Det fortel Arne Dale i Leirvik Grendalag. Med god hjelp også frå andre lokale krefter, slik som «gutta på tur»-gjengen, som har teke seg av det praktiske, har det i seinare tid kome på plass 54 ulike stolpar i Leirvik og nærområda.

– Måten dette fungerer på er at folk leitar etter desse stolpane og scannar dei med telefonen sin i appen Stolpejakten når dei finn dei. Så det er ei slags skattejakt dette, og liknar kanskje litt på Pokémon Go, som har vore veldig populært dei siste knappe ti åra.

Måndag var det altså offisiell opning av ruta i Leirvik, og tradisjonen tru når det er noko som skal opnast der, så var det ordførar Kjell Eide som stod for opningsjobben.

– Vi har hatt ein del aktivitet og prosjekt her i Leirvik dei seinare åra, mellom anna gjennom LivOGLyst-ordninga, så det har blitt litt ymse opningar og markeringar. Då pleier vi å invitere ordføraren som alltid stiller opp, så det har blitt ein fin tradisjon.

Slik ser stolpane ein kan finne i Leirvik ut. Dette er ein raud stolpe, noko som betyr at den høyrer heime i kategorien «medium vanskeleg».

Noko for alle

Stolpejakten er ei allmennyttig foreining som skal bidra til å auke den fysiske aktiviteten blant folk flest i heile landet. Dei bistår til å etablere stolpejaktløyper over heile landet, og rettleiar og hjelper lokale krefter så løypene blir best mogleg.

– Det er fire kategoriar med stolpar med grøn som dei enklaste – dei skal ein også kunne nå ved hjelp av rullestol eller sykkel – til svart, som er dei vanskelegaste. Her hos oss har vi stolpar nede i bustadområda i og rundt Leirvik sentrum som dei lettaste, og oppe på nokre fjelltoppar i nærområdet som dei vanskelegaste. Så her skal det vere stolpar å finne for alle, uansett form og fysiske føresetnadar.

Sidan prosjektet er i regi av Leirvik Grendalag er det naturleg nok i nærleiken av Leirvik at ein no vil kunne finne desse stolpane.

– Dei er plassert ut mellom Nesje Fort i vest, Løland leir i nord, og utover mot bustadområda på Heggebøen i aust. Det vil nok ta litt tid om ein ønsker å finne alle stolpane, men det er ikkje nødvendigvis målet. Her kan ein sikte seg inn på å finne dei stolpane ein vil, og så går det heilt fint å hoppe over andre. Poenget her er å skape ein motivasjonsfaktor for å kome seg ut. Det kan kanskje vere lettare å kome seg over dørstokkmila om ein har eit mål i enden av turen. 

Som så mange gongar før når det kjem til å gjere ein jobb ute i felten i Leirvik er det «gutta på tur» som har gjort jobben med å sette ut kubbane. Frå venstre: Leif Dale, Håkon M Haukøy, Ove Dale, Bjarne Avedal, Anfinn Rønneseth, Gunnar Handal. Agnar Ås og Atle Wolff er ikkje med på bildet.


Prøveprosjekt

Stolpejakt har blitt ein populær aktivitet mange stadar, og Dale har stor tru på at det også vil bli mange fastbuande og tilreisande som ønsker å leite etter stolpar også i Leirvik.

– Vi tek dette året som eit prøveprosjekt. Det er mange som har premieringa ut frå kor mange poeng ein klarer å samle, noko vi ikkje har enn så lenge. Men om det skulle vise seg at løysinga blir populær vil vi sjølvsagt vurderer å gjere meir ut av den. Vi vil få statistikk på aktiviteten i løypa vår, og vil etter kvart ta ei evaluering ut frå den.

Det var ein ivrig gjeng som møtte på opninga av stolpejakta, og som no er klare til å leite etter dei 54 stolpane som er sett ut i nærområdet.