Fjord1 legg kontrollsenteret for den heilautomatiske drifta av Lavik-Oppdal til hovudkontoret i Florø. (Foto: Fjord1)

Kontrollsenter for Lavik-Oppdal lagt til Florø

Fjord1 melder i ei pressemelding at dei vil legge kontrollsenteret for det heilautomatiske ferjesambandet til Florø.


Fjord1 skal drifte ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal frå 2026 og fram til 2034, og med den kontrakten vart det også klart at ferjesambandet også blir det første i verda med sjølvgåande ferjer.

No er det klart at kontrollsenteret til ferjesambandet vil ligge 115 kilometer nord på E39, i Fjord1 sitt hovudkontor i Florø.

Det melder Fjord1 i ei pressemelding.

Nærleik til teknisk miljø

Prosjektleiar for realisering av Lavik-Oppedal, Odd Bjarte Johnsen, seier avgjersla om lokasjon er nøye vurdert opp mot fleire faktorar.

– Tilgang til relevant arbeidskraft, nærleik til teknisk miljø, og gode løysingar for bygningsmassen har vore sentrale moment, samtidig som at det er føreseieleg og langsiktig å etablere dette i eit bygg som vi eig sjølv.

Frå september 2026 skal det gå fire såkalla autonome ferjer mellom Lavik og Oppedal, og eit av krava frå oppdragsgjevaren Statens Vegvesen er at dei skal vere knytt til eit landbasert og bemanna kontrollsenter som skal overvake og kontrollere fartøya, skriv Fjord1.

For framtida

Det er også med tanke på framtidige funksjonar i eit kontrollsenter, utover oppgåvene knytt til Lavik-Oppedal, som gjer til at dei no vel å legge kontrollsenteret i Florø.

– Vi byggjer eit kontrollsenter for framtida, og derfor må vi gjere sonderingar av andre funksjonar som kan leggast til seinare utover oppgåvene knytt til Lavik-Oppedal, fortel Johnsen.

Kontrollsenteret vert bemanna med nautisk og maskin-teknisk kompetanse som går i vaktordning, og desse vil inngå som ein sentral del i drift av fartøy og samband.

Det er her frå hovudkontoret til Fjord1 i Florø at dei nye ferjene som skal trafikkere Lavik - Oppedal skal styrast. (Foto: Fjord1)