Butikken på Sørbøvåg heiter ikkje lenger Matkroken. Butikkeigar Roar Nordbø har teke butikken ut av Coop-kjeda, og skal no drive den utan kjedetilknyting.

Utvida opningstider, sjølvbetente kasser –⁠ og is frå to produsentar side om side

Då Coop ikkje ville la butikkeigar Roar Nordbø bruke den sjølvbetente kasseløysinga som han meinte var den beste, enda det opp med at han gjekk ut av kjeda. Han fann like greitt ut at han skulle drive butikk på Sørbøvåg utan nokon kjedetilknyting.


Då Ytre Sogn kom på besøk til Sørbøvåg Landhandel var det arbeid på gang med panteautomaten. Coop har vore og kopla frå kva dei no hadde av duppedittar inni der som ein må ha når ein er med i Coop-kjeda, og ein kabel eller noko hadde fått litt røft behandling. Noko måtte dermed gjerast for å få den opp og gå igjen.

Dette er ein liten, men likevel merkbar effekt, av valet Roar Nordbø no har tatt. Coop-logoane er fjerna frå butikken på Sørbøvåg, og den skal ikkje lenger heite Matkroken. No skal den heite Sørbøvåg Landhandel, og vere heilt utan tilknyting til nokon av dei store kjedene.

– Det starta med planen om å ta i bruk ei sjølvbetent løysing i butikken. Eg brukte nokre år og fann til slutt ei løysing eg meinte var den klart beste på området, seier butikkeigar Nordbø til Ytre Sogn.

Stå litt friare
Men då han tok kontakt med kjeda var det ikkje så enkelt. Dei hadde sin eigen løysing, og skulle han ha sjølvbetente kasser måtte han ta i bruk den.

– Så då var det anten å finne ei anna kjede, eller skulle eg kanskje stå litt friare? Det balla litt på seg.

Til slutt vart valet altså å ikkje knyte seg til nokon av dei store kjedene. Sørbøvåg Landhandel har dermed blitt ein frittståande daglegvarebutikk, og dei er det ikkje mange av i landet i 2024.

Det har både fordelar og ulemper ved seg. No må dei byrje med noko dei aldri har gjort før. Både prissetting og marknadsføring er det kjedene som tek seg av, og det er noko dei no må byrje med sjølv.

– Dette er noko som det sjølvsagt blir mykje arbeid med, og det er også noko vi aldri har drive med sjølv før. Men vi jobbar med å lage system på dette, kan Nordbø fortelje.

– Dette har du ikkje sett før, seier Nordbø. Å ha Diplom-Is og Hennig Olsen side om side i same butikk er ein av dei tinga dei står fritt til å drive med på Sørbøvåg Landhandel.

Ikkje lenger anten eller
Men då fordelar og ulemper vart vegne opp mot kvarandre meinte butikkeigaren at det å gå det som i våre dagar må kunne kallast motstraums var det rette valet.

Og noko det første han gjorde var noko han har drøymt om lenge.

– Du kan sjå oppi her, dette har du aldri sett før, seier han, og peiker mot fryseboksane.

Motståande frysediskar, der det er is frå Hennig Olsen i ein og Diplom-Is i den andre. Er du med i ei kjede, så er det nemleg anten eller. Men ikkje for denne landhandelen. Ikkje no lenger.

– Dette har eg alltid drøymt om. Det er jo eigentleg ganske rart at ein ikkje skal kunne velje sjølv kva produkt ein vil ha frå dei leverandørane, men slik er det. No kan folk få velje sjølv akkurat kva dei vil ha, seier han.

Tilpassa vareutval
To fulle fryseboksar med is av alle slag er kanskje litt vel mykje utval på ein liten stad som Sørbøvåg, men så er også planen framover å tilpasse sortimentet i butikken etter kva kundane vil ha. Ikkje kva dei har moglegheit til å bestille.

– I ei kjede er det varer ein må ha i butikken, og så er det varer ein ikkje har tilgang på. No kan folk komme med ønsker og så kan vi fase ut det vi ser det ikkje er etterspurnad etter og ta inn dei varene som folk ønsker å kjøpe.

Han forklarar at å bestille inn varer no også er ein mykje kortare prosess. Før måtte ein kome med førespurnadar til kjeda og så få godkjenning til å bestille nokre typar varer, men no kan han omtrent gje svar på direkten til kundar om det er noko dei ønsker at han skal ta inn.

– No er det ein ubyråkratisk og kort prosess, og vi kan svare kunden der og då om vi kan skaffe varen og til kva pris.

Nokre varer vil det likevel ikkje vere mogleg for landhandelen å få tak i, då kjedene har sine eigne merker som gjerne er dei billigaste alternativa i ein butikk.

– Det er nokre av denne typen varer vi kan få tak i. Og er det noko som er spesielt attraktivt så må vi kanskje vurdere å lage vårt eige produkt, seier Nordbø.

Roar Nordbø fortel at han ville ha inn eit digitalisert, sjølvbetent kassesystem, men den løysinga han hadde funne ville ikkje kjeda la han bruke. No kan kundane til Sørbøvåg Landhandel sjå fram mot utvida opningstider, tilpassa utval, og sjølvbetent butikk.

Jobbe på same tid
Hovudmotivasjonen til Nordbø bak valet om å gå indie var altså å få på plass eit godt, sjølvbetent kassesystem. Dermed kan han både utvide opningstidene, samtidig med at dei som jobbar der kan få meir gunstige arbeidstider.

– Vi trudde kanskje vi skulle få litt peppar då det automatiske systemet kom på plass, men det har berre vore positivt, seier han.

Etter kvart kan også butikken vere utan personale i delar av opningstida, og dei som jobbar på butikken kan vere på jobb på dagtid. Slik det er no kjem nokon på jobb grytidleg, medan andre jobbar seint utpå kvelden. Sjeldan jobbar dei tilsette på same tid, og Nordbø trur betre arbeidstider vil føre til betre trivsel for den enkelte tilsette, samtidig som det vil vere godt for arbeidsmiljøet.

– Det er krav til lange opningstider, ofte lenger enn det vi har no, seier Nordbø.

I dag er dei opne frå klokka ni om morgonen til klokka åtte på kvelden, men etter påske håpar han å utvide opningstidene.

– Dei som handlar vil då vite at om det skal vere nokon i butikken så må dei komme og handle før eit gitt tidspunkt. For andre så er det kanskje slik at dei ønsker å handle aleine, og at ikkje andre går og ser kva dei har i handlevogna.

Modell for framtida
Til sjuande og sist handlar grepa butikkeigaren har gjort på Sørbøvåg om å ha moglegheit til å drive butikk på ein liten plass også i framtida. For han er det å vere butikksjef ein livsstil, og det er ein som han trur det ikkje vil vere like enkelt å få dagens unge til å vere med på.

– Det blir lange arbeidsdagar og det blir ein livsstil. No har besteforeldra mine drive butikk på Sørbøbåg, foreldra mine dreiv butikk på Sørbøvåg, og no har vel eg drive butikk her enda lengre enn dei gjorde.

Og tankane til den erfarne kjøpmannen har etter kvart byrja å gå mot kven som ein dag skal ta over og sørge for at det er eit butikktilbod i Sørbøvåg også i framtida.

– Det er kanskje på tide å tenkje på å byrje å gi seg, men eg trur det vil vere veldig vanskeleg å finne nokon som vil ta over ein butikk der ein må drive frå klokka ni om morgonen til åtte på kvelden. Det er utfordrande, seier han.

Men no er altså butikken rigga for å vere sjølvbetent og meir open, og med utvida opningstider i begge endane samtidig som dei som jobbar der kan sjå fram mot faste arbeidstider på dagen trur Nordbø dette er framtida.

– Dette er ein modell som gjer at det er mogleg å ha butikk på Sørbøvåg også framover, seier han.

Ein ting som ein kanskje kan bekymre seg for når ein lar dørene stå opne og butikken tom for folk er sjølvsagt tjuveri, men Nordbø fortel at dei erfaringane som er gjort i bransjen tilseier at dette ikkje skal bli noko aukande problem.

– Det blir sjølvsagt mykje kamera med denne løysinga, noko som er preventivt i seg sjølv. Andre eg har prata med som har kome lenger med digitaliseringa fortel at dette problemet ikkje har blitt større, og nokre fortel til og med at det har blitt mindre tjuveri. Lokasjonen vår her ute på landet gir meg ei kjensle av at dette skal gå bra.